Kreativ kjøkkensjef på Flåmsbrygga & Ægir Bryggeri

Vår visjon er at Flåmsbrygga med Ægir Bryggeri skal framstå som den spisestaden i Noreg som kan mest om kombinasjonen mat og øl som kjem til uttrykk gjennom spennande og kreative menyar.
Vi er i ein ekspansjonsfase og leitar etter ein person som ynskjer å skilje seg ut med sine kvalifikasjonar og som har lyst til å vera med å byggje opp eit omdøme innan ei nisje i bransjen.
Den personen som ynskjer denne utfordringa må vera:
  • sjølvstendig
  • kreativ
  • nyskapande
  • fleksibel
  • vere team-orientert
  • ha omtanke for gjester og kollegaer
  • målbevist og resultatorientert
  • kunne kjøkkenøkonomi
  • vere ein leiar som andre ser opp til og respekterar
  • ha godt humør og være glad i yrket
Som kjøkkensjef ved Flåmsbrygga & Ægir Bryggeri vil du få i oppgåve å leie eit kjøkkenteam beståande av dyktige fagarbeidarar. Kjøkkensjefen inngår som ein del av leiargruppa saman med dagleg leiar.
Dine oppgåver vil mellom anna vere:
  • Være øl-og matentusiast/ambassadør med menyutvikling i fokus
  • Personalleiing som er prega av klåre mål, teambygging, humør og inspirasjon
  • Må like å leie & spreie kunnskap om mat og øl til gjester og i fagleg forum
Elles ha ansvar med delegering av andre oppgåver slik som innkjøp, lagerstyring, IK-Mat, HMS, produksjon og vaktlisteplanlegging.

Vi på vår side kan tilby deg ei 100% stilling, godt og hektisk miljø, gode utviklingsmoglegheiter og utfordringar samt gode lønsvilkår for rette person. Les om oss på www.flamsbrygga.no

Spørsmål om stillinga rettast til Aud Melås, tlf. 99163372, eller til Evan Lewis, tlf 99463372.
Søknad med CV kan sendast til innan 30. mai 2011 til
aud@flamsbrygga.no
Flåm Turistsenter AS
Flåmsbrygga
Boks 44
5742 Flåm

Tips en venn  Skriv ut